Kvart år, ei helg i august fyller lokalbefolkning, hyttefolk og tilreisande friluftsarealet Hegni.

Her er det to dagar fyllt med spennande program. Gode artistar er selvfølgelig trekkplasteret, men her finn du og andre aktivitetar for små og store. Andeløp i Otra, fjelltur med musikalsk innslag og begeistringshalvtimen. Norges koseligaste festivalområde, og fokus på god mat og drikke er og med på å gi ein flott totalopplevelse.

I år er festivalen 19. og 20.august, og programmet inneheld mange gode artistnamn som vi gler oss til å høyre. Vi anbefalar å kjøpe billett  på førehand.

Les meir om rekordfestivalen her.

Foto: Rekordfestivalen/kiryd