Stomp & vatn

I sommar har Hovden Fjellstoge åpna ny restaurant i Hovden Sentrum.

Vi har flytta inn i ledige kafèlokaler i Fjellgardstun, det raude huset med sportsbutikken. Det er eit spennande prosjekt, og vi gler oss til å være ein del av sentrumsmiljøet på Hovden. Vi har gjennomført nokre endringar

På Stomp og vatn serverar vi norsk mat med fokus på kvalitet og gode råvarer. Alt du finn på menyen lagar vi frå botnen av. Vi bakar kaker, gjærbakst og brød kvar dag. Brød finn du for sal så lenge «lageret rekk».

Vår kjøkkensjef Alexander Hellerød har flytta fra Oslo til Hovden for å lage mat. Han er glad i å fiske, jakte og å være ute i naturen. Vi har ein spennande haust i vente med alle dei flotte råvarene naturen gir oss. Vi håpar du kjem innom for å smake og sjå når du er på Hovden.

Velkomen!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *